KULTURMIX

tilbyr heilt spesielt reiseopplevingar for dei som er interessert i kultur og kulturelle uttrykk. Dette er eit turkonsept for den som likar å vere aktiv deltakar i møte med folk som har andre kulturelle referansar enn vi sjølve, og har ingen politisk eller religiøs agenda.

Pr. i dag er der ca. 3000 frå heile Norden som er med i mailing-lista til Kulturmix. Ein til fire gongar i året blir det sendt ut informasjon og tilbod om Kulturmix-reiser. Kven som melder seg på reisene, er forskjellig frå tur til tur. Fleire velger kulturmix-reiser som alternativ til meir tradisjonelle turistreiser.

Kvar reise har sitt eige særpreg og mange har deltatt på fleire av turane.


Første "Kulturmix-ekspedisjon" var i 1992 til New Orleans og etter kvart har det blitt utvida til fleire land. Utanom USA og Europa har vi i dag solide nettverk for Kulturmixing i land som Ecuador, Peru, Chile, Argentina, Bolivia, Colombia, Cuba, China, India, Nepal, Bhutan, Tyrkia, Azerbaijan, Iran, Madagaskar og Gran Canaria.

Eit av måla i Kulturmix konseptet er, ved sidan av turisme å bli ein samanspleisa gjeng, som går inn i eit aktive møte med folk frå andre kulturelleog religiøse settingar enn vår eigen.

Dette utfordrar fordomar og haldningar både hos oss sjølve, og dei som vi møter. Verktøyet er å dele ein kulturell aktivitet saman ved at vi lagar eit kor i løpet av turen.

Forskning dei siste åra har vist at å synge saman med andre skaper eit heilt spesielt samhald. Dette har vi merka på Kulturmix-reisene. Her kan alle synge med den stemma dei har.

Her er det prosessen og ikkje prestasjonen som er viktegast.

Ein veit soleis aldri kva slags kor ein har, før gruppa møtes og turen er i gang.

Undervegs i landet vi reiser i, startar vi med å bygge koret, og øver gjerne eit par timar for dag. Mot slutten av turen har vi fått "Kulturmixkoret" opp å stå, og er klare for å møte dei lokale songarane og musikarane som ventar på oss.

Saman med desse har vi no eit meir intensivt seminar, der dei lærer oss nokre av sine songar, og vi lærer dei nokre frå vårt repertoar.

Det heile vert avslutta med ein konsert.




KORLEIS BLI MED
I dag er der nærare 3500 frå heile Norden som har meldt seg til Kulturmix si Mailing-liste.
Er du interessert i å stå på denne lista, får du informasjon om turar, innhald, prisar og anledning til å bli med om noko er av intersse.
For å kome på lista, send mail til:
Einar Berle (info) .eberle@broadpark.no
Opplysningar om turar også her på heimesida klikk på komande turarar

Musikkstudentar på det etniske universitetet i Beijing
Musikkstudentar på det etniske univeristetet i Beijing

Full konsentrasjon - Pasto Colombia
Avsluttingskonsert - Kulturmix i Nasjonalteateret Quito Ecuador

Kulturmix i Chitwan I Nepal
Kulturmix Bhutan 2015
_________________________________________________________________________________________________________________

Felleskap på tvers av kulturelle og religiøse grenser

Kvar går turane.................................................................................................................................. Kulturmix-turane til no har vore i New Orleans, Cuba, Ecuador, Galapagos, Peru, Colombia, Madagaskar, Beijing, Nagaland/India, Nepal, Bhutan, Azerbaijan, Kroatia, Albania, Kypros, Scopelos og Italia.

Kven reiser på slike turer. ............................................................................................................. Gruppene som reiser er som regel tilfeldig samansett. Det er folk som har lyst til å vere med på noko "annaleis". Ein vanleg A4 - ferietur er det definitivt ikkje, og det plar vere ei fin blanding av folk på reisene; folk med forskjelleg bakgrunn og ærfaringer. Nokre har aldri sunge i kor før, medan andre er meir ærfarne koristar. Ektefellar og born har også vore med på turane utan å ta del i koret, men for turen sin del og dei andre opplevingane, som det også er rikeleg av.

Det vert ikkje stilt spesielle krav om notekunskapar eller songærfaring for å bli med. Derimot vert det lagt vekt på at ein er kulturelt nysgjerrig og sosial, og at ein likar å synge. Påmelding skjer individuelt og ikkje som kor eller gruppe. Størrelsen på gruppa kan variere frå 25 på ein tur, til over 70 personar på nokre turar.

Gjennom samarbeidet for å skape eit kor, og i møte med andre koristar kjem ein mykje nærarare kvarandre enn ein elles vil gjere som vanleg turist.

Kulturmix Trinidad Cuba
Kulturmix Trinidad Cuba
Kulturmix New Orleans
Kulturmix New Orleans

Turopplegg ...................................................................................................................................................................... Opplegget for turane er forskjelleg etter kva land vi besøkjer. På nokre turar som for eksempel til Beijing og til New Orleans ( 7 - 9 dagar) bor vi vanlegvis på ein stad heile tida, med sightseeingturar eller vandringar i byen på dagtid, og med øvingar på kveldstid…. På andre turar som for eksempel til Søramerika og i Afrika ( 14 - 16 dagar), vert deler av turen brukt til rundreise i landet. Då vil ein gjerne ha med både jungel og strandliv i tillegg til seminarbiten. Det blir likevel songøvingar undervegs der forholda ligg til rette for det.

w w wI nokre land har der blitt arrangert festivalar i anledning Kulturmix; i Azerbajan 2003 - eller som over her, i Nagaland India 2011 og 2015.